Arkitektkontoret 4B 40 år!

Me fekk besøk av blant anna tidlegare praktikantar og sjølvaste ordføraren på den store dagen!

Nokre vil kanskje tenkje at det er ikkje noko rundt tal å feira. Likevel, det er mange grunnar til at vi ønska å feire nettopp denne dagen.

I 1984 var det 5654 innbyggarar i Sogndal. I dag – 40 år seinare – er 12 331 innbyggarar. Dersom ein trekk vekk for Leikanger og Balestrand – er det i dag rundt rekna 9 000 innbyggarar i gamle Sogndal kommune. Det er ikkje veldig langt unna ei dobling. Det må ein vel kunne seie er eit veldig godt utgangspunkt for å kunne drive eit arkitektkontor. Og det har det vore. I løpet av dei neste 20 åra vert vi 1000 fleire, så vi ser lyst på framtida. Vi meiner at Sogn er eit veldig spennande område for å teikne spennande arkitektur; flotte fjordar og fjell, vakre kulturlandskap og fine, små tettstader. Sjølv om vi ikkje har mange monumentale bygg, så har vi ei rik bygningshistorie til inspirasjon. Det kviler eit stort ansvar på oss. Ikkje berre skal vi forvalte dei naturgjevne ressursane, vi skal og skape gode fysiske rammer om livet til folka som bur her. Det er ikkje lite. Men det kjennest meiningsfullt. Og sjølv om det ikkje reint sjeldan vert opplevd som veldig krevjande, er det mykje å gle seg over. Vi vert motivert av å realisere andre sine draumar og visjonar. Ingenting gler meir enn ein smilande personen på andre sida av bordet som får løyst ei oppgåve hen tenkte var umogleg å løysa. Ikkje minst er det kjekt å vere ein del av eit lokalsamfunn og eit lokalt næringsliv.  Takk til dykk alle.

 

I dag tel vi 9 arkitektar, og vi utgjer det største arkitektmiljøet i Sogn og Fjordane. Det er vi veldig stolt over. I lag med våre gode naboar Norconsult Sogndal er vi det største byggfaglege miljøet i tidlegare Sogn og Fjordane. Likevel, i nasjonal samanheng, er vi veldig små. Og vi er sårbare. Vi er 40 år. Vi jobbar knallhardt heile tida med å gjere ein fagleg god jobb og ikkje minst med å følgje opp kommunane sine samfunnsmål, men det er ikkje ein garanti for at vi blir 50. Med store strukturendringar i bransjen, går vi spennande tider i møte. På same tid ser vi at små kontor som oss har relativt god lønsemd, og langt betre lønsemd enn dei store kontora, kanskje fordi vi har mange bein å stå på. Det er vi og veldig stolt over. Lerum Brygge har vore ein stor salgsuksess for eigarane. Det er eit veldig godt døme på at arkitektur skaper verdi. Dette veit våre oppdragsgjevarar. Vi held no på med prosjekta som skal bli neste Lerum Brygge. Med oss på laget så veit kunden at dei får kvalitet, og til den prisen som er avtala.

Men framføre alt. Vi er ein fin gjeng med samfunnsengasjerte arkitektar, og vi har engasjert oss til dømes i forhold til Fjordstien og å ta vare på dei grøntområda i bygda, og vi strekker oss langt for dette. Vi meiner det er grunnlag for å hevde at utan dei samfunnsengasjementet til arkitektane i Sogndal, så hadde ikkje Trudvang skule halde fram med å vere der han er. Berre så det er sagt; arkitektane samarbeida tett med andre fagfolk og med lærarane. Det var utruleg moro at vi vann fram og at politikarane høyrde på oss. Takk til ordførar Stig Ove Ølmheim og resten av kommunestyret! Vi har stor tru på lokalkunnskap og vi heiar no på dei lokale arkitektane som er med i konkurransen og vi håper at dei vinn. Utan lokale arkitektar, mister samfunnet dei som har størst kunnskap om korleis forme våre fysiske omgjevnader slik at folk får ein praktisk kvardag og at dei trivast. 

Vi er veldig stolt over at vi er eit kontor med god aldersspreiing.  Heile 50 år skil yngstemann Eline og eldstemann Guri. Vi lev av å selge kunnskapen vår. Eg gir no ordet over til Guri Fonsdal som starta det heile her i Sogndal, men som og var med å starte kontoret i Oslo. Og kanskje får vi no forklaringa på at kontoret heiter Arkitektkontoret 4B.

Me ynskjer også å seie tusen takk for alle gåver, helsingar og gode ord i samband med jubileet og takk til alle som hadde tid til å markere dagen saman med oss, det set me veldig stor pris på. Stuntet med gratis speed-arkitektbistand var verkeleg moro – og kjekt at så mange ville delta.

Dagen vart avslutta i vakre Solvorn og Kvitabui, med det lekraste fjorden har å by på av sjømat.

No nærmar det seg ferietid på kontoret og me vil med dette ynskje alle ein riktig god sommar!