Du finn oss i 3.etg i Innovasjonsbygget, vi har kontor ved siden av Norconsult. Parkér gjerne i Guridalen, her er det ofte ledig parkering.
OM OSS
Arkitektkontoret 4B har ein oppdragsportefølje som omfattar næringsbygg, offentlege bygg, bustader/hytter, restaurering, programmering og reguleringsplanar. Vi har og utført meir spesialiserte oppdrag som kraftstasjonar, ferjebygg og fotballarenaer.
Arkitektkontoret 4B er ein solid kunnskapsleverandør som med utgangspunkt i oppdragsgjevar sine behov arbeider målretta for at det endelege resultatet skal nå eit høgt arkitektfagleg nivå. Vi ønskjer å vere ein ryddig og løysingsorientert samarbeidspartnar. Arkitektkontoret 4B har sidan 2006 hatt kontor på Fosshaugane Campus i Sogndal, eit av vestlandets største kunnskapsmiljø. Du finn oss i 3.etg i Innovasjonsbygget, vi har kontor ved siden av Norconsult. Adressen vår er Trolladalen 30, 6856 Sogndal.