FUNKSJON: Næringsbygg
ÅR: 2020-2022
STAD: Lærdal
PROSJEKTTYPE: Nybygg
AREAL: 8 800 m²
BESKRIVING:
I regi av VFG Eigedom AS har Arkitektkontoret 4B saman med Kleiven Sogn AS utvikla næringsområdet for Sogn Frukt og Grønt, Sognasmak og Felleskjøpet på Håbakken.
Funksjonane er fordelt på 5 bygningsvolum som er organisert omkring eit tun, inspirert frå gardstuna i Lærdal. Bygningane si innbyrders organisering er optimalisert med tanke på tomta si form, plassering av veg og avkjørsle, funksjonane som skal inn, lokalklimatiske tilhøve, støy, arbeidsmiljøet, universell utforming og omsyn til bygningsmiljøet.
Storleiken på bygningane og køyretøya som skal inn på området gjorde oppgåva kompleks, ikkje minst opp mot tomta si form og storleik. Det er avstand mellom felleskjøpet og pakkeriet for å sikre at det er plass til å utvide pakkeriet vestover i framtida.
Bygningane har saltak og er ført opp i ein etasje, sett bort frå at administrasjonen er plassert på plan 2 i bygningen der Felleskjøpet ligg. Det er stort innslag av tre på fasaden kring tunet. Tunet er bilfritt og har eit grønt preg.
FUNKSJON: Kontor
ÅR: 2019
STAD: Sogndal
PROSJEKTTYPE: Ombygging
AREAL: 500 m2
BESKRIVING:
Då Rocketfarm trong større lokalar teikna vi i tett samband ei innvendig og utvendig ombygging for kontorlokale og lab. Det var viktig med ei framtidsretta og moderne løysing der ein gjorde det beste ut av den eksisterande situasjonen. Med ope landskap, ulike sonar for ulik type arbeidsaktivitet og møteboksar i midten har Rockethouse blitt ein god arbeidsplass. Nye vindauge ut mot dei storslåtte fjella og fjorden gjer at byggets beliggenheit kjem til sin rett og gir eit lyst og godt arbeidsmiljø.
FUNKSJON: Kontor
ÅR: 2019
STAD: Gaupne
PROSJEKTTYPE: OMBYGGING/TILBYGG
AREAL: ca 900 m2
BESKRIVING: Statkraft sine kontor i Gaupne har fått eit løft både innvendig og utvendig. Kontora er modernisert, med meir openheit, lys og luft for å møte dagens krav og standard, samt eit nybygg for å møte plassbehov.
FUNKSJON: Miljøstasjon for SIMAS
ÅR: 2019-2022
STAD: Gaupne.
PROSJEKTTYPE: Nybygg
AREAL: Området 1330 m2, sjølve bygget 125 m2
SKILDRING:
Prosjektet ligg ved Lustrafjoden ved Gaupne. Miljøparken omfattar containarar og eit bygg for levering av avfall, samt eit bygg for personale med kontor, fellesrom og garderobar.
SIMAS ønskjer gjennom prosjektet å synleggjera at mykje av det vi kastar kan gjenbrukast. Dei får inn store mengder byggematerialer, bildekk, glas.
Her er det nytta trekledning som er rivningsmateriale frå barnehagen i Gaupne og nokr kledning er takpanner frå eit tak i Gupne. Innvending kledning er frå eit rivningsprosjekt i Amla. Kubbegolvet er laga av restmateriale frå byggeplassen. Fliser er frå diverse privatpersonar, blant anna kjøpt på Finn og henta av arkitektane i Stavanger i forbindelse med ein studietur.
Vindauga er pga tekniske krav ikkje gjenbruk, men er feilproduksjon, kjøpt av ein lokal vindaugsprodusent. Det eine brannvindauge har vore i bruk ei kort stund og er kjøpt på Finn.
Som ein kuriositet er det laga ein glassvegg av syltetøyglass mellom kontor og personalrom.
Utvending er det brukt dekk til å laga skråning langs rampen. Dekka skal beplantast og fyllast med tromla glas. Handvasken på rampen er plassert i eit bildekk.
Utfordringen med bruk av gjenbruksmaterialer er at det ofte er dyrare å riva på ein slik måte at materiala kan brukast igjen, enn å kjøpa nytt. Mykje av det trevirket som SIMAS får levert er skada eller inneholder mykje spiker som kan skada utstyr.
Prosjektet er eit samarbeid med Norconsult.
FUNKSJON: Hytter
ÅR: 2018
STAD: Årøy
PROSJEKTTYPE: Nybygg
AREAL: m²
BESKRIVING:
Konseptskisser på overnattingshytter i Årøy
FUNKSJON: Industribygg
ÅR: 2024
STAD: Gaupne
PROSJEKTTYPE: Tilbygg
AREAL: 1216 m2
SKILDRING: Skisseprosjekt på industribygg for LMI i samarbeid med Norconsult.
FUNKSJON: Badeanlegg
ÅR: 2018
STAD: Skjolden
PROSJEKTTYPE: Skisseprosjekt
AREAL: 200 m²
BESKRIVING:
«Et basseng i forlengelse av verdens lengste fjord”-Dette var visjonen til hotelleigarane på Skjolden Hotel. Badeanlegget er tenkt som eit tilbod for hotellgjestar der opplevinga av fjorden og fjella er hovudfokus. Å oppleve naturen samtidig som ein trer inn i ei intim atmosfære kan gi ei intens oppleving, kontrasten mellom det intime baderommet og det store landskapsrommet utanfor forsterkar dette. Badet har ulike sonar der det skal leggjast til rette for ulike typar bruk. Lys, lukt og ulike materialar skapar ulike stemninger. Luker i taket slepp inn dagslys og gir små bilete og glimt av naturen utanfor. I bevegelse mot fjorden blir bygget gradvis meir opent og til slutt får ein heile landskapsbiletet inn gjennom eit stort panoramavindauge. Ytst ligg ei badstu på fjorden, her kan ein få den ultimate avslutninga på badeopplevinga; å hoppe i fjorden før ein igjen trekk seg tilbake til ei varm badstove.
FUNKSJON: Tilbygg kontorbygg
ÅR: 2018
STAD: Årdal
PROSJEKTTYPE: Tilbygg
AREAL:430 m2
BESKRIVING:
Mekanisk bedrift med med tilbygg for kontor og møterom. Heng saman med eksisterande kontorbygg og verkstad.
Møterom i 2. etg. har store vindauge mot sør og vest, med utsikt til dei mektige fjella rundt Øvre Årdal, bl.a. Bøttejuvet og Ravneberg. Kontor og kaffbar.
Utvida kantine i 1. etg. med plass til 100 personar. I tilbygg er kontor og garderobe.
FUNKSJON: Tilbygg hotell
ÅR: 2015
STAD: Lærdal
PROSJEKTTYPE: Tilbygg
AREAL: 300 m2
SKILDRING:
Husum Hotel frå 1837 og 1880, er eit unikt hotell og kulturminne i Lærdalsdalen. Arkitektkontoret 4B fekk oppdraget då hotellet trengde fleire rom, nytt kjøken med alle fasilitetar, nytt inngangsparti og teknisk rom. Hotellet er bevaringsverdig og ein viktig del av oppdraget var å få tilbygget til å passe godt til dei eksisterande bygningane og bygningsmiljøet på garden. Gode funksjonelle løysingar innanfor små arealrammer var og eit sentralt tema, i tillegg til universell utforming.
FUNKSJON: Tilbygg Hotel
ÅR: 2017
STAD: Balestrand
PROSJEKTTYPE: Tilbygg
AREAL: 500 m2
SKILDRING:
Kviknes hotell i Balestrand er teikna av Andreas Blix og oppført i 1880. på 60-talet kom tilbygget som husar dei fleste hotellromma. I 2003 fekk Arkitektkontoret 4B i oppdrag å teikne eit tilbygg med konferansesal, foaje og konferansefasilitetar. På taket er ein takterrasse og ei brei betongtrapp fører opp dit.
Tilbygget er ført opp i ein moderne stil med ei enkel og stilrein detaljering, som kontrast mot dei eksisterande bygningane.
Kviknesalen har plass til 450 personar. Salen kan delast i tre mindre salar. Gangen utanfor konfer- ansesalen ligg inn i bakken og fjellveggen som vert del av utsmykkinga i rommet, er bevart. Konferanse sale er og godt egna som konsertlokale og er storstova under Balejazz. For å få plass til konferansesalen, er det nytta diamantsag på fjellet og denne fjellveggen er eit viktig element i gangen utanfor konferansesalen. Golvet under fjellveggen har ei renne med rullestein for å ta høgde for evt. vannsig som måtte komme.
FUNKSJON: Kontor
ÅR: 2017
STAD: Sogndal
PROSJEKTTYPE: Nybygg
AREAL: 1590 m2
SKILDRING: Kontorbygg over 3 plan på Fosshaugane Campus i Sogndal. Rommar både kontorfellesskap og Kafe´ . Sentral plassering på campus med utsyn til park og fellesområder.
STAD: Sogndal
PROSJEKTTYPE: Kontor
AREAL: ca 60 m2
SKILDRING: Me har gitt nytt liv til uutnytta areal i 3. etg. på Fossbygget på Høgskulen i Sogndal. Høgskulen hadde behov for fleire kontorplassar og stillerom. Fokuset har vore å tilføre varme element og meir dagslys for å skapa gode arbeidsforhold. Innslag av fargar for å gi inspirasjon og arbeidsro.