Hodlekvehytta

Kjem i januar 2013: Hodlekvehytta
 
IMG 0880
 
Arkitektkontoret 4B AS er i samarbeid med solide lokale entreprenørar i ferd med å utvikle www.hodlekvehytta.no som har som føremål å levere hytter i Hodlekve, gjerne nøkkelferdig om det er det kunden ønskjer.
 
Vi vil i løpet av november, desember og januar utvikle eit hyttekonsept basert på lokale tradisjonar og internasjonale trendar.  Hyttene vil bli bygd i modular i hall, noko som gir god byggkvalitet og konkurransedyktige prisar. Hyttene vil få fast pris ferdig montert på tomt. Tomtekostander må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Hyttene vil bli inspirert av og få namn etter kjende fjelltoppar i Sogndalsdalen:  Fagereggi, Togga, Tylderingen og Frudalshesten.
 
Hodlekvehytter under planlegging:
 
Tylderingen-
Mindre hytte med effektiv arealbruk, plass til ein familie. God plass til fritidsutstyr. Planlagt med utvidingsmuligheit.
 
Fagereggi-
Middels stor familiehytte med plass til to familiar.
 
Blåfjell-
Middels stor familiehytte med plass til to familiar. Uthus og ekstra god plass til fritidsutstyr.
 
Frudalshesten-
Stor og solid familiehytte med plass til tre-fire familiar eller to familiar og besteforeldre. Romslege fellesareal for store og små.
 
Togga-
Ei middels stor og røff hytte for vennegjengen der det mange
sengeplassar går framføre mange bad. Ekstra god plass til fritidsutstyr i uthus.
 Her kjem meir etter kvart, men ta gjerne kontakt alt i dag om desse hyttene.
 
 
 
 
 
 

 

Mer i denne kategorien

Go to top